Fellesspelet
Kva er Voktarane av Varden?
Voktarane av Varden er V.A.R.D.E. sitt store fellesspel i Dungeons & Dragons. Fleire bord og spelleiarar spelar i same verd og fortel éi felles historie som veks frå kveld til kveld. Det de gjer ved ditt bord, kan endre det som skjer ved dei andre.
Vi spelar éin kveld i månaden, og sesongane følgjer skuleåret. Sesong 1 har sju kveldar og sluttar med ein episk finale der fleire bord spelar samtidig mot same mål.
Du melder deg på kveld for kveld, så du kan vere med kvar gong eller berre når det passar. Er du heilt ny, er det alltid eit bord for nybyrjarar.
Fakta om sesong 1
Sesong 1
Kveldane
Kva er Session Zero?
Session Zero er kvelden før eventyret byrjar. Vi blir kjende med kvarandre og med Ferðinfjord, går gjennom reglane, avklarer kva vi ønskjer oss av spelet og kva vi vil halde utanfor, og lagar karakterar saman. Du treng ikkje ha spelt før, og du treng ikkje ha med deg noko.
Måndag 9. november kl. 18:00 på Stad bibliotek Nordfjordeid. Inga påmelding, berre møt opp. Les saka →
Verda
Ferðinfjord
Før dagen og før natta var det berre Skymminga. Ho bar to born, og dei kom til verda i same andedrag: den eine med auga ope, den andre med andletet løynt. Ingen veit kven som var først. Difor går sola og natta framleis kvar sin veg, og difor møtest dei berre der mor deira ein gong var.
Ferðinfjord er ein lang fjord mellom eit hav som aldri kviler og breane innst inne. Her ligg tingstaden Vardheim med hestane på vollane, Draugshavet som har teke fleire skip enn noko anna, og Isloket, breen som dvergane la over rika sine som eit lok.
Langs heile fjorden står vardane. Voktarane har halde dei ved like sidan eldgamle tider, og dei blir tende i Grímas time med Skírs eld.
Kart over Ferðinfjord kjemFør du set deg ved bordet
Lag karakteren din
- Reglar: D&D 2024 (5.5). Sesong 1 brukar berre Player's Handbook. Kva bøker som er opne, blir vurdert på nytt mellom kvar sesong.
- Start på nivå 1. Sesong 1 er Tier 1 (nivå 1–4).
- Éin aktiv karakter per spelar. Karakteren kan halde fram i neste sesong, eller du kan starte på nytt.
- Ingen vonde karakterar. De er Voktarar, ikkje skurkar.
- D&D Beyond eller penn og papir: vi set opp kampanjar på D&D Beyond med delt innhald, men karakterark på papir er like velkomne.
- Klerikar vel ein av dei to gudane i Ferðinfjord, Skír eller Gríma. Du finn domena til kvar gud i spelarguiden.
Vil du at karakteren skal kjennast heime i Ferðinfjord? Klassane har eigne namn her i fjorden:
Klassar i Ferðinfjord
Spelarguide · Sesong 1
Karakterbygging: Vinteren som ikkje vil sleppe
Alt du treng for å lage karakteren din, steg for steg: jukselapp med alle reglane på éi side, åtte steg frå klasse til ferdig karakter, tryggleik ved bordet, XP og nivå, Vardeboka, handel i Vardheim, gudane, stadnamna og ordlista for Ferðinfjord.
35 sider · 4,5 MB
Krøniken
Vardeboka
Etter kvar kveld kan du skrive ein rapport om det som skjedde, i karakteren din sin stemme. Du får bonus i erfaringspoeng og gull, og når skrivegruppa har godkjent rapporten, blir han ein del av Vardeboka, krøniken om Voktarane av Varden.
Slik kan nye spelarar lese seg opp på historia før dei set seg ved bordet.
Vardeboka kjem
Dei første kapitla blir lagde ut her etter dei første kveldane.
Bak skjermen
Vil du vere spelleiar?
Spelleiar
Vi treng fleire spelleiarar som vil leie eit bord i Ferðinfjord. Du får settingguiden, eventyra og hjelp frå skrivegruppa, og spelleiarane våre får eigen V.A.R.D.E.-hettegenser.
Ta kontakt →Skrivegruppa
Ei løpande gruppe for spelleiarar som vil vere med og forme plott og historie i Voktarane av Varden. Neste møte blir sett opp på slutten av kvart møte.
Spør på Discord →Spørsmål og svar
Lurer du på noko?
Må eg ha spelt rollespel før?
Nei. Det er alltid eit bord for nybyrjarar, og på Session Zero lagar vi karakterane saman.
Kan eg kome berre av og til?
Ja. Du melder deg på kveld for kveld, og karakteren din ventar på deg til neste gong du kjem.
Treng eg D&D Beyond?
Nei. Vi set opp kampanjar på D&D Beyond med delt innhald, men du kan like gjerne bruke penn og papir.
Kvifor er aldersgrensa 13 år?
Kampanjen er laga for ungdom og vaksne. Yngre born kan bli med på Vardekveld og på tilboda våre i vinterferien.
Kan eg ha med meg min eigen karakter frå før?
Karakteren må lagast for Ferðinfjord og følgje reglane for sesongen. Du startar på nivå 1, og ein spelleiar ser gjerne over arket saman med deg.



