Nordfjord rollespelforeining
Varden er tend
Vi kallar alle dei som ønskjer å byggje opp ei ny arena for rollespel, drakar og eventyr i Nordfjord! Bli med på vår kickoff! Varden er tend, vil du svare?
Neste signal
Arrangementer
Ferskt frå foreininga
Nyheiter
Frå samlingane våre
Galleri
Om oss
Foreininga
V.A.R.D.E. — Vestkapp sin Arena for Rollespel, Drakar og Eventyr — er ei frivillig medlemsforeining i Stad kommune. Vi finst for å fremje inkludering gjennom rollespel, delt historieforteljing og sosiale møteplassar.
Kva vi står for
Vi er ein barne- og ungdomsorganisasjon bygd på frivillig og ikkje-kommersiell innsats. V.A.R.D.E. er partipolitisk og religiøst uavhengig, og open for alle i Nordfjord — uansett alder, erfaring eller bakgrunn.
- Open og inkluderande møteplass for rollespel, brettspel og nerdekultur
- Frivillig driven, ikkje-kommersiell foreining
- Partipolitisk og religiøst uavhengig
- Medlem i Hyperion — Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser
Grasrotandelen
Grasrotandelen lar deg som spelar hos Norsk Tipping gi ein andel av innsatsen din direkte til oss — heilt kostnadsfritt for deg.
Slik gjer du det:
- Opne Norsk Tipping-appen eller nettsida
- Søk opp V.A.R.D.E. under Grasrotandelen
- Vel oss som din mottakar
Organisasjonsnummer: fyll inn
Tillitsvalde
Styret
Det formelle
Vedtekter
Les vedtektene våre
§ 1 Namn og formål
§ 1-1 Namnet på foreininga er V.A.R.D.E. (Vestkapp Arena for Rollespel, Drakar og Eventyr). Foreininga har tilhald i Stad kommune. Formålet til foreininga er å fremje inkludering gjennom rollespel, delt historieforteljing og sosiale møteplassar. V.A.R.D.E. er ei medlemsforeining i Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser.
Foreininga er ein barne- og ungdomsorganisasjon basert på eit frivillig og ikkje-kommersielt grunnlag. Foreininga er partipolitisk og religiøst uavhengig.
§ 2 Medlemskap
§ 2-1 Alle som har betalt kontingenten på 50 kroner for inneverande medlemsår, blir rekna som medlem i V.A.R.D.E. Rekneskaps- og medlemsår skal følgje kalenderåret.
§ 3 Årsmøtet
§ 3-1 Årsmøtet er det øvste organet i V.A.R.D.E. og skal haldast kvart medlemsår. Innkallinga til årsmøtet skal sendast ut minst to veker i førevegen. Alle medlemmer som har betalt medlemskontingenten før møtet, har møte-, tale-, forslags- og røysterett.
§ 3-2 Alle vedtak på årsmøta til V.A.R.D.E. krev alminneleg fleirtal dersom det ikkje står noko anna i vedtektene. Ved røystelikskap blir det røysta på nytt. Ved framleis røystelikskap fell framlegget.
§ 3-3 Årsmøtet skal alltid behandle desse sakene:
- Val av møteleiar og referent
- Årsmelding frå styret
- Godkjenning av signert rekneskap
- Vedtektsendringar
- Val av leiar og styremedlemmer
- Val av revisor
§ 3-4 Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte dersom styret eller minst 1/3 av medlemmene krev det. Innkallinga må sendast ut minst ei veke i førevegen, og berre saker nemnde i innkallinga kan takast opp på det ekstraordinære årsmøtet.
§ 4 Styret
§ 4-1 Styret er det øvste organet i foreininga mellom årsmøta. Styret har 5 styremedlemmer, valde av årsmøtet, der éin skal vere leiar. Styret sit fram til neste årsmøte, og ved fråfall kan styret supplere seg sjølv.
§ 4-2 Styret er berre vedtaksført når minst halvparten av styret er til stades. Vedtak i styret krev alminneleg fleirtal; ved røystelikskap blir det opna for ny debatt, og ved framleis røystelikskap avgjer røysta til leiaren. Det skal haldast styremøte dersom leiar eller minst to styremedlemmer krev det.
§ 4-3 Styreleiar har signaturrett og prokura for foreininga og har ansvaret for økonomien til foreininga. Styret kan også gi andre personar disposisjons- og signaturrett.
§ 5 Vedtekter
§ 5-1 Vedtektene er det øvste regelverket til V.A.R.D.E. og kan berre endrast med 2/3 fleirtal på eit årsmøte. Framlegg om endring av vedtektene må vere sende til styret seinast ei veke før eit årsmøte. Vedtektsendringar trer i kraft når årsmøtet er slutt, med mindre årsmøtet vedtek noko anna.
§ 6 Oppløysing
§ 6-1 V.A.R.D.E. kan berre vedtakast oppløyst med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøte. Det siste årsmøtet, som må vere ekstraordinært, avgjer korleis verdiane til V.A.R.D.E. skal disponerast.
Samarbeid
Støttespelarar
Vi ønskjer oss samarbeidspartnarar som vil vere med å bygge eit godt fritidstilbod for barn og unge i Nordfjord.
Ingen støttespelarar enda — bli den første!
Plassen her er ledig. Som første støttespelar får de vere med frå starten av, og fordelane dykkar visast fram her når medlemmene besøkjer sida.
Ta kontakt på e-postSynlegheit lokalt
Bli vist fram for familiar og unge i Nordfjord som er aktive i foreininga og på Discord.
Støtt eit godt formål
Bidra til å finansiere eit inkluderande fritidstilbod drive av frivillige.
Medlemsfordeler
Tilby rabattar eller fordelar til våre medlemmer, og bli ein synleg del av foreiningslivet.
Medlemskap
Bli medlem
Medlemskapen gjev deg stemmerett i foreininga og er med på å halde varden tend — for 50 kroner i året.
Medlemskontingent
per medlemsår (følgjer kalenderåret)
Slik vert du medlem
Det er der foreininga lever, og der du følgjer med på alt som skjer.
Vipps #[fyll inn Vipps-nummer]fyll inn
Si ifrå i medlemskanalen på Discord, så kryssar vi deg av på lista.
Dette får du som medlem
- Møte-, tale-, forslags- og røysterett på årsmøtet
- Tilgang til arrangement og aktivitetar i regi av foreininga
- Ein trygg og inkluderande møteplass for rollespel og nerdekultur i Nordfjord
- Moglegheit til å påverke korleis foreininga utviklar seg vidare