Ei foreining for fellesskap

Vi brukar rollespel, brettspel, fantasy, kreativ forteljing og nerdekultur som verktøy for å byggje fellesskap, venskap og meistring.

Alle aldrar er velkomne, og vi byggjer opp eigne tilbod for born og unge saman med lokale samarbeidspartnarar.

Kvifor finst vi?

Ein stad det er lett å høyre til

Mange opplever i dag einsemd, utanforskap eller mangel på sosiale arenaer der det er lett å høyre til. Ikkje alle finn plassen sin i tradisjonelle fritidstilbod.

V.A.R.D.E. vil vere eit lågterskeltilbod der menneske kan møtast gjennom felles interesser, ha det gøy saman og byggje ekte relasjonar.

Kva vi står for

  • Open og inkluderande møteplass for rollespel, brettspel og nerdekultur
  • Friveleg driven, ikkje-kommersiell foreining
  • Partipolitisk og religiøst uavhengig
  • Leselyst og kreativitet for born og unge
Bli med i praten på Discord

Kvifor rollespel?

Meir enn underhaldning

Rollespel trenar ferdigheiter som:

Samarbeid

Alle ved bordet treng kvarandre for å kome vidare i historia.

Kommunikasjon

Du øver deg på å seie meininga di, lytte og bli samd med andre.

Problemløysing

Gåter, val og vanskar som de må løyse saman.

Kreativitet

Du skapar din eigen karakter og er med og formar verda.

Lesing og språk

Regelbøker, kart og brev får ein grunn til å bli lesne.

Sjølvtillit og sosial tryggleik

Ein trygg stad å ta plass, prøve seg og bli sett.

For mange blir rollespel òg inngangen til nye venskap og varig tilhøyrsle.

Les om rollespel og leselyst →

Stolt medlem av

Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser

Ein del av noko større

Medlem av Hyperion

I november 2026 vart V.A.R.D.E. godkjend som medlemsforeining i Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser. Hyperion er landsforbundet for foreiningar som driv med rollespel, brettspel, fantasy, science fiction, laiv og anna nerdekultur over heile Noreg.

Medlemskapet gjer at vi ikkje står åleine. Vi blir ein del av eit nasjonalt fellesskap, og får tilgang til nettverk, kompetanse og støtteordningar som hjelper oss å byggje eit endå betre tilbod i Stad og Nordfjord.

Les meir om Hyperion →

Tillitsvalde

Styret

Hald musa over eit kort for å lese kva dei vil med V.A.R.D.E.

Støtt oss

Grasrotandelen

Spelar du hos Norsk Tipping, kan du gi ein del av innsatsen din direkte til oss. Det kostar deg ingenting.

Slik gjer du det

  1. Opne Norsk Tipping-appen eller nettsida
  2. Søk opp V.A.R.D.E. under Grasrotandelen
  3. Vel oss som mottakar

Organisasjonsnummer: 937 632 657

Det formelle

Vedtekter

Les vedtektene våre

§ 1 Namn og formål

§ 1-1 Namnet på foreininga er V.A.R.D.E. (Vestkapp Arena for Rollespel, Drakar og Eventyr). Foreininga har tilhald i Stad kommune. Formålet til foreininga er å fremje inkludering gjennom rollespel, delt historieforteljing og sosiale møteplassar. V.A.R.D.E. er ei medlemsforeining i Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser.

Foreininga er ein barne- og ungdomsorganisasjon basert på eit frivillig og ikkje-kommersielt grunnlag. Foreininga er partipolitisk og religiøst uavhengig.

§ 2 Medlemskap

§ 2-1 Alle som har betalt kontingenten på 50 kroner for inneverande medlemsår, blir rekna som medlem i V.A.R.D.E. Rekneskaps- og medlemsår skal følgje kalenderåret.

§ 3 Årsmøtet

§ 3-1 Årsmøtet er det øvste organet i V.A.R.D.E. og skal haldast kvart medlemsår. Innkallinga til årsmøtet skal sendast ut minst to veker i førevegen. Alle medlemmer som har betalt medlemskontingenten før møtet, har møte-, tale-, forslags- og røysterett.

§ 3-2 Alle vedtak på årsmøta til V.A.R.D.E. krev alminneleg fleirtal dersom det ikkje står noko anna i vedtektene. Ved røystelikskap blir det røysta på nytt. Ved framleis røystelikskap fell framlegget.

§ 3-3 Årsmøtet skal alltid behandle desse sakene:

  1. Val av møteleiar og referent
  2. Årsmelding frå styret
  3. Godkjenning av signert rekneskap
  4. Vedtektsendringar
  5. Val av leiar og styremedlemmer
  6. Val av revisor

§ 3-4 Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte dersom styret eller minst 1/3 av medlemmene krev det. Innkallinga må sendast ut minst ei veke i førevegen, og berre saker nemnde i innkallinga kan takast opp på det ekstraordinære årsmøtet.

§ 4 Styret

§ 4-1 Styret er det øvste organet i foreininga mellom årsmøta. Styret har 5 styremedlemmer, valde av årsmøtet, der éin skal vere leiar. Styret sit fram til neste årsmøte, og ved fråfall kan styret supplere seg sjølv.

§ 4-2 Styret er berre vedtaksført når minst halvparten av styret er til stades. Vedtak i styret krev alminneleg fleirtal; ved røystelikskap blir det opna for ny debatt, og ved framleis røystelikskap avgjer røysta til leiaren. Det skal haldast styremøte dersom leiar eller minst to styremedlemmer krev det.

§ 4-3 Styreleiar har signaturrett og prokura for foreininga og har ansvaret for økonomien til foreininga. Styret kan også gi andre personar disposisjons- og signaturrett.

§ 5 Vedtekter

§ 5-1 Vedtektene er det øvste regelverket til V.A.R.D.E. og kan berre endrast med 2/3 fleirtal på eit årsmøte. Framlegg om endring av vedtektene må vere sende til styret seinast ei veke før eit årsmøte. Vedtektsendringar trer i kraft når årsmøtet er slutt, med mindre årsmøtet vedtek noko anna.

§ 6 Oppløysing

§ 6-1 V.A.R.D.E. kan berre vedtakast oppløyst med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøte. Det siste årsmøtet, som må vere ekstraordinært, avgjer korleis verdiane til V.A.R.D.E. skal disponerast.

Vedteke på stiftelsesmøte 25. april 2026.

Les våre etiske retningslinjer

1. Føremål og verdiar

V.A.R.D.E. skal vere ein trygg og inkluderande arena i Nordfjord for felles historieforteljing, kreativitet og meistring. Vi byggjer foreininga på verdiar som rettferd, lojalitet og ærlegdom, og skal fremje eit miljø der alle vert møtte med respekt. Vi skal skape ei «trygg hamn» der fantasi og samarbeid står i sentrum.

2. Inkludering og mangfald

  • Ei open hamn: Vi ønsker alle velkomne til bordet, uavhengig av kjønn, identitet, alder eller bakgrunn.
  • Respekt for ulikskap: Vi har nulltoleranse for alle former for diskriminering, trakassering eller mobbing. Vi skal respektere kvarandre sin personlege integritet i alle sosiale interaksjonar.

3. Laget og den enkelte

Vi dreg lasset saman som eit lag, men vi anerkjenner at den gode speleopplevelsen krev at alle føler seg respekterte som individ. Vår arena skal vere ein «safe space» der lagånd går hand i hand med personleg fridom og tryggleik. Dungeons & Dragons er eit utprega samarbeidsspel, og vi handlar som ei gruppe for at alle ved bordet skal ha det kjekt.

4. Tryggleik ved bordet (Safe Space)

For å sikre at spelet forblir ein positiv arena, skal vi bruke følgjande verktøy:

  • Sesjon 0: Før ein startar ein ny kampanje, skal vi avklare forventningar, personlege grenser og tema vi ønsker å unngå.
  • Tryggleiksverktøy: vi anerkjenner og oppmodar til bruk av verktøy som X-Card for å sikre at ingen kjenner ubehag ved tunge tema.
  • Samtykke: vi skal alltid ha samtykke frå alle deltakarar før vi introduserer element som kan vere belastande for fellesskapet.

5. Roller og ansvar

  • Dungeon Master (DM): Fungerer som rettleiar og dommar med eit særskilt ansvar for å leggje til rette for eit inkluderande og trygt miljø.
  • Spelarar: Kvar spelar er ansvarleg for sin eigen karakter og for å bidra positivt til fellesskapet.
  • Rollemodellar: vi forventar at alle medlemmer opptrer som gode førebilete, både i og utanfor spelet.

6. Sunn distraksjon frå kvardagen og mental helse

  • Positiv meistring: vi ser på rollespel som ein ressurs for personleg vekst og sosial støtte.
  • Skilje mellom fantasi og verkelegheit: vi skal vere medvitne på grensene mellom rolla og personen for å unngå at sterke kjensler frå spelet påverkar oss negativt i kvardagen.

7. Varsling og ansvar

  • Plikt til å seie ifrå: Dersom vi oppdagar kritikkverdige forhold, diskriminering eller brot på desse retningslinjene, har vi ein rett og plikt til å varsle.
  • Vern: Foreininga skal ha rutiner som vernar den som varslar i god tru mot sanksjonar eller negative følgjer.
  • Konflikthandtering: Personlege konfliktar skal handterast gjennom open dialog utanfor spelet.

Foreininga lever på nett

Vi held til på Discord

Det er her praten går, arrangementa blir planlagde, og du blir kjend med resten av gjengen.

Bli med på Discord →
Samarbeidspartnarar Reklamehuset Nordvest Berghulen 2.0 Eid Frivilligsentral Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser