Ope for alle

Alt er gratis.
Difor treng vi deg.

Alt V.A.R.D.E. arrangerer, er ope og gratis for alle, og slik skal det vere. Det er medlemene som gjer at vi kan halde det slik, og byggje sterke tilbod her i Stad.

Å vere med

0 kr

for å kome på alt vi arrangerer

Medlemskap

50 kr

for resten av 2026 og heile 2027

Saman

22

medlemer har alt blitt med

Kvifor treng vi deg?

Dette gjer medlemskapet ditt

  • Sterkare søknader: kvart medlem gjer søknadene våre om støtte og midlar sterkare.
  • Ei tydelegare stemme: mange medlemer viser kommunen og partnarane våre at tilbodet trengst.
  • Fleire faste tilbod: medlemene gjer det mogleg å byggje fleire faste møteplassar lokalt.
  • Du formar foreininga: du er med og byggjer V.A.R.D.E. frå botnen av, og har røysterett på årsmøtet.

Du treng ikkje vere medlem for å kome på arrangementa våre. Men som medlem gjer du det mogleg å skape endå meir.

Medlemskontingent

50 kr

for resten av 2026 og heile 2027

Neste fornying: januar 2028

Meld deg inn no

Medlemsfordelar

Dette får du som medlem

Dette får du no

  • 10 % rabatt på alt hos Berghulen 2.0
  • Møte-, tale-, forslags- og røysterett på årsmøtet
  • Tilgang til den lukka medlemskanalen på Discord
  • Moglegheit til å påverke kva foreininga skal bli

Under arbeid

  • Fritt lån av rollespelbøker og utstyr, til dømes battlemaps
  • Merch til rabattert pris
  • Eigen V.A.R.D.E.-hettegenser til spelleiarane våre

Innmelding

Meld deg inn

Det tek om lag to minutt. Felt merka * må fyllast ut.

Om deg

Vi tel kor mange medlemer vi har i kvar aldersgruppe når vi søkjer om støtte.

Vi brukar nummeret til Vippskravet for kontingenten.

Gate og husnummer. Vi treng full adresse til medlemslista.

Så vi kan gje deg medlemsrolla og tilgang til medlemskanalen.

Kva er du interessert i? (valfritt)

Svara hjelper oss å planleggje kva vi skal by på framover.

Kva liker du å spele eller drive med?

Erfaring med rollespel

Kva vil du sjå meir av?

Kan du tenkje deg å bidra?

Samtykke

Vil du heller melde deg inn på ein annan måte? Send e-post til ingerkristine@vardestad.no.

Slik går det føre seg

Tre steg

Send innmeldinga

Spørsmåla om interesser er valfrie, men hjelper oss å planleggje.

Betal 50 kr med Vipps

Vipps til #55009 og merk betalinga med namnet ditt. Har du ikkje betalt innan ei veke, sender vi deg eit Vippskrav.

Velkomen som medlem!

Du får medlemsrolla på Discord og tilgang til den lukka medlemskanalen. Han er medlemsbeviset ditt, til dømes for rabatten hos Berghulen.

Meir enn medlem

Andre måtar å bli med på

Spelleiar

Lei eit bord på arrangementa våre. Vi hjelper deg i gang, og spelleiarane våre får eigen V.A.R.D.E.-hettegenser.

Bidragsytar

Rigging, baking, foto, kunst, PR … Alle hender trengst, store og små.

Partnar

Bedrifter og organisasjonar som vil støtte oss: sjå Støttespelarar.

Spørsmål og svar

Lurer du på noko?

Kva kostar det å vere medlem?

50 kroner. Melder du deg inn i 2026, gjeld medlemskapet for resten av 2026 og heile 2027. Neste fornying er i januar 2028.

Kan barnet mitt bli medlem?

Ja, V.A.R.D.E. er for alle aldrar. Er barnet under 15 år, må ein føresett stå med i innmeldinga, og Vippskravet går til føresett.

Må eg vere medlem for å kome på arrangement?

Nei, arrangementa våre er opne for alle. Men kvart medlem gjer søknadene våre sterkare, og som medlem har du røysterett på årsmøtet.

Korleis viser eg at eg er medlem?

Medlemer får tilgang til ein lukka medlemskanal på Discord. Vis han fram, til dømes i kassa hos Berghulen 2.0.

Personvernerklæring: kva skjer med opplysningane mine?

Behandlingsansvarleg er V.A.R.D.E. (Vestkapp sin Arena for Rollespel, Drakar og Eventyr), org.nr. 937 632 657, Stad kommune. Spørsmål om personvern kan sendast til espen@vardestad.no.

Kva vi samlar inn: namn, fødselsdato, e-post, mobilnummer, adresse (gate, postnummer og poststad), og eventuelt Discord-brukarnamn og svara dine om interesser. For medlemer under 15 år samlar vi òg inn namn og kontaktinformasjon til ein føresett.

Kvifor: for å føre medlemslista, krevje inn kontingent, kalle inn til årsmøtet og planleggje tilbodet vårt. Adressa treng vi til medlemslista og til rapportering til støtteordningar og organisasjonar vi er medlem i. Talet på medlemer, aldersgrupper og kva kommune medlemene bur i kan bli brukt i søknader om støtte, utan namn. Grunnlaget er medlemskapet ditt. E-post om arrangement og bruk av bilete skjer berre om du har samtykt, og du kan trekkje samtykket når som helst.

Påmelding til arrangement: når du melder deg på eit arrangement, samlar vi inn namn, alder, kontaktinformasjon (og føresett for born under 15 år) og det du skriv om tilrettelegging. Opplysningane blir berre brukte til å planleggje arrangementet, og blir sletta etterpå.

Kven ser opplysningane: styret i V.A.R.D.E. Vi sel ikkje opplysningane og deler dei ikkje med andre.

Kvar dei blir lagra: innmeldinga blir send gjennom Netlify, som driftar nettsida, og blir så ført inn i medlemslista vår i Microsoft 365. Innmeldingane hos Netlify blir sletta jamleg.

Kor lenge: så lenge du er medlem. Seinast eitt år etter at medlemskapet er avslutta, slettar vi opplysningane, med unntak av det rekneskapsreglane krev at vi tek vare på.

Rettane dine: du kan be om innsyn i, retting av og sletting av opplysningane dine. Du kan òg klage til Datatilsynet.

Foreininga lever på nett

Vi held til på Discord

Det er her praten går, arrangementa blir planlagde, og du blir kjend med resten av gjengen.

Bli med på Discord →
Samarbeidspartnarar Reklamehuset Nordvest Berghulen 2.0 Eid Frivilligsentral Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser