30. november – 6. desember 2026 · Nordfjordeid

  • Gratis
  • Ope for alle
  • Sju dagar

Ei heil veke med rollespel, eventyr og fellesskap i Nordfjordeid.

Om veka

Rollespel heile veka

D&December er sju dagar med rollespel, brettspel og eventyr i Nordfjordeid, frå 30. november til 6. desember. Kvar dag har sitt eige opplegg: miniatyrmåling, pubspel for vaksne, den første kvelden i Voktarane av Varden, rollespel og bokklubb for born, nybyrjarspel i Dungeons & Dragons for ungdom, eit eventyr på tvers av heile Nordfjordeid og ein Vardekveld med premieutdeling til slutt.

Alt er gratis. Nokre dagar treng vi påmelding for å vite kor mange spelleiarar vi treng, andre dagar er det berre å møte opp. Du treng ikkje ha spelt før, og du treng ikkje vere medlem.

Midt i den mørkaste tida av året vil vi tenne lys: ein stad der born, unge og vaksne finn kvarandre rundt eit bord og skaper ei historie saman.

Første utgåve av ein årleg tradisjon

Dette er den aller første D&December. Vi vil byggje veka vidare år for år, saman med deltakarane, dei frivillige og samarbeidspartnarane våre.

Kvar dag sel vi årets D&December-buff. Heile salet går til veldedigheit.

Program

Dag for dag

Påmelding →

Trykk på ein dag for å sjå tid, stad, kven det passar for og korleis du blir med.

Takk til

Samarbeidspartnarar

Alle støttespelarane våre →

D&December blir til saman med lokale bedrifter og samarbeidspartnarar. Hald over eller trykk på eit kort for å sjå kva dei bidreg med.

I samarbeid med

  • Stad kommune
  • Stad bibliotek Nordfjordeid
  • Eid Frivilligsentral

Frivillig

Vil du hjelpe til?

Vi treng spelleiarar, folk til rigging og baking, og nokon som kan ta bilete. Kanskje vil du stå på ein post i Nordfjordeid-spelet, lese høgt for dei minste eller hjelpe til på miniatyrmålinga?

Alle som leier aktivitetar for born og unge under 18 år, leverer politiattest på førehand.

Ta kontakt

Send ein e-post til espen@vardestad.no eller ta kontakt på Discord, så finn vi ein plass til deg.

Foreininga lever på nett

Vi held til på Discord

Det er her praten går, arrangementa blir planlagde, og du blir kjend med resten av gjengen.

Bli med på Discord →
Samarbeidspartnarar Reklamehuset Nordvest Berghulen 2.0 Eid Frivilligsentral Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser