Voktarane av Varden: nytt D&D-fellesspel i Nordfjord startar med Session Zero
Voktarane av Varden er eit fellesspel i Dungeons & Dragons der fleire bord og spelleiarar fortel éi felles historie. Første kveld er ein Session Zero måndag 9. november kl. 18:00 på Stad bibliotek Nordfjordeid i Operahuset, Sophus Lie-vegen 3.
Det er gratis og ope for alle frå 13 år.
Fleire bord, éi historie
I eit vanleg rollespel spelar ei gruppe saman med éin spelleiar. I Voktarane av Varden spelar fleire grupper i same verd, og det som skjer ved eitt bord, kan endre historia for dei andre. Vi spelar éin kveld i månaden, i sesongar som følgjer skuleåret. Kvar sesong endar med ein episk finale der alle borda spelar samstundes mot same mål.
Ferðinfjord, ei fantasyverd inspirert av Nordfjord
Spelet går føre seg i Ferðinfjord, ei fantasyspegling av fjordane, fjella og segnene her vi bur. Lauget som heldt vakt over fjorden, har falle, men på kickoffen vart vardane tende att. No treng Ferðinfjord nye voktarar.
Vinteren som ikkje vil sleppe
Det burde ha vore vår for lenge sidan. Men snøen ligg framleis tung over Vardheim, isen kryp nedover fjorden, og vegane over fjellet er stengde. Folk snakkar om at noko held vinteren fast, og at det har å gjere med at voktarane var borte.
Det er her sesong 1 byrjar. Kvifor vil vinteren ikkje sleppe taket, og kva kan ein handfull nye voktarar gjere med det?
Kva skjer på ein Session Zero?
Session Zero er kvelden før eventyret byrjar. Du lagar karakteren din saman med spelleiaren, lærer det viktigaste om reglane og blir kjend med verda og dei andre ved bordet.
Du treng ikkje ha spelt før, og du treng ikkje ha med deg noko. Vi hjelper alle i gang, og vi håpar særleg å sjå mange som aldri har prøvd rollespel. Vil du førebu deg, kan du lese spelarguiden på førehand.
Første kveld under D&December
Datoen for første kveld er allereie sett: onsdag 2. desember, som ein del av D&December. Då blir Voktarane kalla saman, og eventyret i Ferðinfjord byrjar for alvor. Tid og stad kjem.
Du treng ikkje melde deg på Session Zero, berre møt opp. Påmeldinga til første kveld er allereie open: meld deg på her.
Er du spelleiar og vil vere med og skrive historia? Bli med i skrivegruppa, spør oss på Discord.
Spørsmål og svar
Må eg ha spelt rollespel før?
Nei. Spelleiarane hjelper deg med karakteren og forklarer reglane undervegs. Det er alltid eit bord for nybyrjarar.
Treng eg eigne terningar eller bøker?
Nei. Vi har terningar du kan låne, og alt du treng, får du på Session Zero.
Kan eg kome berre av og til?
Ja. Du melder deg på kveld for kveld, og historia er laga slik at du kan hoppe inn att sjølv om du har stått over ein kveld.
Kvifor er aldersgrensa 13 år?
Fellesspelet har lange kveldar og tidvis mørkare tema. Dei yngste når vi med Vardekveld og eigne tilbod under D&December og i vinterferien. Meir om det snart!
— Espen Heia, styreleiar, 06.11.26


