← Alle nyheiter

Varden er tend: slik var kickoffen til V.A.R.D.E. på Magnifikk

Spelarar rundt eit langbord på Magnifikk under kickoffen, med terningar, karakterark og regelbok på bordet

Laurdag 17. oktober samla 24 eventyrarar seg på Magnifikk i Nordfjordeid til den første samlinga i V.A.R.D.E., Vestkapp sin Arena for Rollespel, Drakar og Eventyr. Den nye foreininga for rollespel og nerdekultur i Stad var i gang. Saman laga vi karakterar, rulla terningar og tende vardane.

Ein kveld med Dungeons & Dragons for vaksne

Kickoffen var for vaksne som var nysgjerrige på rollespel, eller som ville vere med og byggje foreininga. Fleire hadde aldri spelt før. Etter ein kort introduksjon til V.A.R.D.E. og styret laga alle sin eigen helt, og så sette vi oss ved borda med kvar vår spelleiar.

Historia var enkel: Voktarane av Varden, det gamle lauget som heldt vakt over Ferðinfjord, hadde falle. Dei siste voktarane måtte opp fjellet og tenne vardane før skuggen tok fjorden. Laga tok kvar si rute, forbi troll og tussar, og til slutt flamma vardane opp, éin etter éin.

Takk til Magnifikk og alle som kom

Tusen takk til Magnifikk, som lånte oss lokalet, og til spelleiarane som gjorde kvelden mogleg. Og takk til alle som kom, spelte og delte idear i workshopen. Vi fekk utruleg mykje god tilbakemelding, og det tek vi med oss i planlegginga vidare.

«Lag karakteren din!» Kickoff-kvelden er i gang på Magnifikk. Fullt hus på Magnifikk laurdag 17. oktober. Terningtårn, terningpose og full konsentrasjon. Latter og terningar rundt bordet. Lange bord og mange nye historier. Arild (smed): hendig med hammar og tang, men emosjonelt utilgjengeleg.

Sjå heile galleriet frå kickoffen →

Dette skjer vidare

  • Voktarane av Varden: Det store fellesspelet vårt i Ferðinfjord startar med Session Zero måndag 9. november kl. 18:00 på Stad bibliotek Nordfjordeid. For alle frå 13 år. Les meir om Voktarane av Varden.
  • Rollespelkafé i Davik: Nybyrjarspel på Borgstova sundag 22. november kl. 14:00–18:00. Du treng ikkje ha spelt før, vi stiller med spelleiarar, terningar og ferdige karakterar. Meld deg på her.
  • D&December: Ei heil veke med rollespel og eventyr i Nordfjordeid, 30. november til 6. desember. Sjå heile programmet på D&December.

Alt står også i aktivitetskalenderen.

Alt er gratis, og slik skal det vere

Alt V.A.R.D.E. arrangerer, er ope og gratis for alle. Du skal ikkje måtte betale for å setje deg ved bordet, låne terningar eller vere med på eit eventyr. Rollespel skal vere for alle, uansett alder, erfaring eller lommebok.

Det får vi til fordi medlemene våre står bak oss. Kvart medlem gjer søknadene våre om støtte sterkare, viser kommunen og samarbeidspartnarane at tilbodet trengst, og gjer det mogleg å byggje fleire faste møteplassar her i Stad.

Bli med i V.A.R.D.E.

Du treng ikkje vere medlem for å kome på arrangementa våre. Men for 50 kr er du medlem ut 2026 og heile 2027. Du er med og held varden tend, og du har røysterett på årsmøtet og er med og bestemmer kva foreininga skal bli. Bli medlem her, eller bli med på Discord for å få med deg alt som skjer.

— Espen Heia, styreleiar, 06.11.26

Del saka

Foreininga lever på nett

Vi held til på Discord

Det er her praten går, arrangementa blir planlagde, og du blir kjend med resten av gjengen.

Bli med på Discord →
Samarbeidspartnarar Reklamehuset Nordvest Berghulen 2.0 Eid Frivilligsentral Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser