Kickoff! Varden er tend!
Denne saka vart publisert før kickoffen 17. oktober 2026. Les korleis kvelden gjekk i Varden er tend: slik var kickoffen.
Bli med laurdag 17. oktober kl. 18:00 på Magnifikk, då har V.A.R.D.E. sin offisielle Kickoff!
V.A.R.D.E. er ei ny frivillig foreining på Nordfjordeid som ønskjer å fremje inkludering og sosiale møteplassar ved hjelp av rollespel, delt historieforteljing og alt du kan tenkje deg innanfor nerdekultur!
Har du sett rollespel som Dungeons & Dragons på seriar som Stranger Things og tenkt at det ville du prøve? Eller har du spelt rollespel sidan den raude og blå boka, og skulle ønskje det fanst eit nettverk du kunne engasjere deg i lokalt? Vi har lyst til å ha med alle som vil, enten du er heilt fersk og nysgjerrig, eller veteran med mengder av erfaring!
Bli med og høyr planane våre for sosiale spel og gøy, og også tankar for å byggje ut eit tilbod for barn og unge som kanskje fell utanfor andre tradisjonelle fritidsaktivitetar!
Vi ser fram til mange fantastiske reiser «ditut og attende!» Vi vonar du vil slå følgje. Journey before destination!
Ønskjer du meir informasjon før det brakar laus er du velkomen på vår Discord!


