← Alle nyheiter

V.A.R.D.E. er stifta

I 2021 var eg på ein heilt vanleg handletur på Europris, då eg plutseleg høyrer ein av dei tilsette spørje meg: «Spelar du D&D?»

Eg hadde på meg Critical Role-merch den dagen, og Linn-Kristin, som jobba den dagen, måtte berre spørje. Før eg veit ordet av det, vert eg kjend med likesinna folk og trillar terningar saman! Det er det rollespel gjer – det knyter folk saman, og alle er velkomne!

Det var slik vi møttest, gjennom Dungeons & Dragons, og Espen, som då var vår Dungeon Master, har lenge ønskt å byggje eit større miljø her i Stad for rollespel generelt. Etter at han vart introdusert for gruppa TSL (The Southern Lighthouse) i Mandal, kom inspirasjonen raskt – no skulle tankane setjast ut i livet!

I desember 2025 samla vi eit styre med kompetanse innan rollespel, men òg innan kommunikasjon, arrangement, inkludering og mangfald!

Vi stifta offisielt V.A.R.D.E. 25. april 2026, med eit ønske om å byggje ein plass som er trygg og inkluderande for alle, uansett alder, legning og nasjonalitet.

Vi skal arrangere faste, sosiale spelkveldar der du òg kan møte nye folk med dei same interessene, fortelje fantastiske historier saman, og introdusere endå fleire til den fantastiske verda av rollespel!

— Inger Kristine Hatlegjerde, nestleiar, 26.04.26

Del saka

Foreininga lever på nett

Vi held til på Discord

Det er her praten går, arrangementa blir planlagde, og du blir kjend med resten av gjengen.

Bli med på Discord →
Samarbeidspartnarar Reklamehuset Nordvest Berghulen 2.0 Eid Frivilligsentral Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser