← Alle nyheiter

D&December 2026: her er programmet for rollespelveka i Nordfjordeid

D&December Nordfjordeid – logo under nordlys over fjella

Frå 30. november til 6. desember blir Nordfjordeid fylt med drakar, terningar og eventyr. D&December er ei heil veke med rollespel, brettspel og fellesskap for born, unge og vaksne, og alt er gratis. No er programmet klart, og påmeldinga er open for dagane som treng det.

Alle tider og stader er no på plass. Du finn dei òg i kalenderen og på D&December-sida.

Måndag 30. november: Miniatyrmåling

Vi opnar veka med pensel og måling. Vi stiller med måling og miniatyrar, så du treng ikkje ha med deg noko. Nybyrjarar og røynde målarar er like velkomne.

Inga påmelding. Trykk gjerne «interessert» på eventet på Discord, så veit vi kor mykje utstyr vi treng. Kl. 17:00–20:00 i foajeen på Operahuset Nordfjord. Les meir om dagen →

Tysdag 1. desember: Pubspel på Magnifikk

Ein sosial kveld for vaksne frå kl. 19:00 på Magnifikk. Vi tek med brettspel, og på oppdragstavla på Discord legg vi ut nokre one-shots du kan melde deg på. Her gjeld det å vere først! Har du eit kult spel liggjande heime, ta det med.

18 år +. Inga påmelding til sjølve kvelden. Les meir om dagen →

Onsdag 2. desember: Voktarane av Varden, første kveld

No byrjar eventyret! Første kveld i sesong 1 av fellesspelet vårt i Ferðinfjord, for alle frå 13 år. Vinteren vil ikkje sleppe taket, og Voktarane blir kalla saman. Les meir om Voktarane av Varden.

Påmeldinga er open. Kl. 18:00–22:00 på Stad bibliotek Nordfjordeid. Les meir om dagen →

Torsdag 3. desember: Rollespel og bokklubb for born

Vi les frå «Mio, min Mio» og spelar vidare i same verda, med enkle reglar og masse fantasi. Alle får med seg boka heim. For born i 3.–5. klasse.

Påmeldinga er open. Kl. 17:00–20:00 på Stad bibliotek Nordfjordeid. Les meir om dagen →

Fredag 4. desember: Nybyrjarspel for ungdom

Har du lyst til å prøve Dungeons & Dragons? Bli med på eit introduksjonsspel i Ferðinfjord, den same verda som Voktarane av Varden spelar i. Vi har ferdige karakterar og hjelper deg med alt. For ungdom i 6.–10. klasse.

Påmeldinga er open. Kl. 17:00–20:00 på Stad bibliotek Nordfjordeid. Les meir om dagen →

Laurdag 5. desember: Nordfjordeid-spelet

Lag karakteren din og bli med på eit eventyr som går føre seg over heile Nordfjordeid. Postar er gøymde rundt om på Eid, og ved kvar post ventar ei utfordring som må løysast med både kløkt og terningar.

Påmeldinga er open. Start kl. 17:00 utanfor Stad bibliotek Nordfjordeid. Les meir om dagen →

Sundag 6. desember: Førjulsavslutning og Vardekveld

Vi rundar av veka med ei sosial samling med brettspel og førjulshygge. Her deler vi også ut premiane frå arrangementa i løpet av veka.

Inga påmelding, berre kom! Kl. 14:00–17:00 på Stad bibliotek Nordfjordeid. Les meir om dagen →

Vil du hjelpe til?

D&December blir til takka vere frivillige. Vi treng spelleiarar, folk til rigging og baking, og nokon som kan ta bilete. Ta kontakt på Discord eller les meir på D&December-sida.

Alt vi arrangerer, er gratis og ope for alle. Det får vi til fordi medlemene våre står bak oss. Bli medlem og hjelp oss å halde varden tend.

— Espen Heia, styreleiar, 06.11.26

Del saka

Foreininga lever på nett

Vi held til på Discord

Det er her praten går, arrangementa blir planlagde, og du blir kjend med resten av gjengen.

Bli med på Discord →
Samarbeidspartnarar Reklamehuset Nordvest Berghulen 2.0 Eid Frivilligsentral Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser