V.A.R.D.E. er no offisielt avduka!
Det kjennest som vi har venta ei æve på dette, men endeleg er V.A.R.D.E. offisielt avduka! No kan vi endeleg starte det verkelege arbeidet — ekte sosiale møtestader, ekte spel og eit ekte rollespelmiljø her i Stad kommune!
Det betyr òg at no må vi byrje å nå ut til folk! Vi er no på plass på både Facebook og Instagram! Det er viktig for oss at vi når ut til dykk som allereie er investerte i rollespel og ønskjer eit miljø, men også alle dykk som er heilt nybyrjarar og aldri har rørt ein d20-terning før!
Så følg oss gjerne, og endå betre: del med dei du kjenner! Om vi skal nå ut til så mange som mogleg, treng vi di hjelp!
Det er også beste staden for å få siste nytt frå oss i V.A.R.D.E. medan vi nærmar oss Kickoff 17. oktober! Følg med! Det er mykje spennande i vente!
— Espen Heia, styreleiar, 24.09.26


